måndag 13. juli 2009

Spare, spare...

Mange planar for året som snart startar. Spansk 1 til hausten på den Domenikanske Republikk i Karibien. Og spansk 2 i Nicaragua etter nyttår. Kanskje litt meir reising rundt i nærliggande land før studiestart i februar, og etter eksamen i mai. Fleire draumar svirrar i håve mitt, som kanskje kan bli til verkelegheit i år :p

Men pengane er ikkje heilt i boks enno. Til studier, kost og losji har eg god margin. Vertfall med tanke på at eg får god støtte frå lånekassen. Forsikring, flybilett, vaksine, studiavgift osv. har eg alt betalt:) Men mine planar strekk seg lenger enn dette. Dykkerlappen, kitesurfing, reising og oppleving er noko eg har veldig lyst til. Og det kjem ikkje gratis... Vil også gjerne besøke andre land enn der eg skal studera. Berre eg klarar å spare...

Da e ikkje lett. Sjølv om eg har klart å styrt onda sydentur og andre pengeslukarar, forsvinn pengane ut i lufto. Men siden eg har jobba flittig siden begynnelsen av Mai, så begynne da å komma seg no... Maling, spyling, kosting, bering, rydding, kontorarbeid, nettstad osv... Ikkje alltid lika kjekt. Men prøve å tenka på alt da kjekka eg ska finna på i år:)

Må berre spara litt te... :p