søndag 28. februar 2010

Verdens snillaste pappa på besøk:)

Siden me fekk ein litt kjedelig start på oppholdet vårt her i Nicaragua har me ikkje heilt klart å nyta oppholdet vårt sånn me håpte. Dagane våre har vore litt kjedlige med mykje so måtte fiksast. Litt bittre, sinte, litt negative, mange gjennopplevelsar og veeldig skeptiske te alt og alle rundt oss. Men litt om litt har me både tatt taxi, gått ut i gato ette 7 om kvelden, snakka med folk, fått smilet fram og fått roa nervene. Me ska jo vera her noken måna te:)

Og eit besøk fra min kjære pappa har hjulpe veldig på! Han var så snill og reiste ein tur te Nicaragua istadenfor Hardangerviddo. Med kofferten full av norske proviantar, forskjellig stæsj, nye datamaskinar, mp3 og kamera. Julastemning i Nicaragua<3


Me fant oss te rette på eit lite hotell på strando


Liten sighseeing i León


Mmmmmmm <3 onblur="try {parent.deselectBloggerImageGracefully();} catch(e) {}" href="https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhvUiEWvRgGBxnV6Z703hvttJ-IzcgJYVRBK03ylA9aX6rhHQ7BPUKj3VGq3ika-niKRA7tuakaNVV7tZgV66PIc7jx3p2lXVGXCpPVHkB_UuroUZffvHB3xQKAY5WrwtwG2dP6vIuLnJ2x/s1600-h/d.JPG">


Nyte smaken av freia melkesjokolade, takk mamma!







Pappa:)






Liten pause mellom skuletimane


Pappa vurdere bølgene, da e ingen lek å bada her nei!


Her må da planleggast, taimast og springast for livet om ein ikkje vil bli tatt av dei sterke strømmane og bølgene!


Slitsomt å ta seg ein liten dukkert i Stillehavet!


Tusen takk for besøket! Du e best:)

Skulen

Skulen e komt godt igong og me har havna på spansk for vidarekomne, noko me ikkje heilt føle oss goe nok te og ikkje heilt forstår vitsen med ting me lere der (grammatikk på absolutt ikkje allmennkunnskaps nivå). Men spansk nybegynnar blei altfor lett, so me sitte no her med leksene heile dagen og prøve å forstå...

Men Latinamerika kunnskap går på norsk heldigvis, sjølv om pensum e på engelsk(som eg trudde eg kunne, men neida), sitte lika mykje med ordboko der når eg ska prøva å forstå ka alle desse sosialantropologane og vitenskapsfolko prøve å sei... Men når eg først forstår --> veldig interessant! Og mykje kjekke tema som me prøver å diskutera med familien vår på spansk.

Her er studiesenteret vårt på strando der me har gruppetimar osv. Forelesningar går som regel i litt meir avkjølte omgivelsa inne i León.




Gruppa vår som fungere veldi bra. Dilsea hette leraren vår og er ei veldig kjekk og interessant dama. Ho har blandt anna vakse opp i ein stor familie der kun 1 eller 2 av barna fekk julapakka kvart år. Ho har no kun 1 sønn, sjølv om mannen vil ha fleir, og har tenkt å gi han eit godt liv der han får alt han treng. Ho ønsker ikkje at han skal vokse opp slik ho gjorde. Ho er også veldig feminist og kikkar rundt seg før ho bablar i veg med stygge ting om politikken og presidenten.

Mi casa en Nicaragua

Her i Nicaragua har me vore so heldige å få bu hoss ein koslig familie sentralt i León. Me bur hoss Doña Sandra på 68 år, hennas sønn Marcelo og ei svigerdatter, Daisy, med 2 ongar på 2 og 7 år, (ca), Alana og Daisy. Ja her e da kje mykje kreativitet når ein skal kalla opp ongane, Alana sin far heiter Alan og bur i USA. Og no bur forresten minstesønnen Jaime heima med kåno for ein måneds tid.

Doña Sandra har 6 ongar, sammen med sin avdøde mann Rigoberto. Dei har fem gutar og ei jente. Jenta heiter, som dåke sikkert kan gjetta, Sandra. Eldstesønnen heiter Rigoberto, men me kallar han Rigo, og er feltsjef for kulturstudier her nere. Resten heiter Alan, Martin, Marcelo og Jaime.

Og familien består for det meste av legar og tannlegar. Me har og ei hushjelp og ein altmuligmann som jobbar her. Goe mulighetar te å praktisera og hørra spansk heile dagen, men so er dei jo litt glade i å praktisera engelsk og då...


Huset vårt:)

Hunden Max, veldig snill og lydig


Kjøkkenet


Vår del av huset


Rommet vårt der eg står på badet


Pakka ut dei få klesplaggo me har med oss




rydding i pangane, litt drit å ha so mass kontanta...


Familien sitt strandhus i Las Pañitas som me fekk vera med på helgatur te.


Doña Sandra og svigerdotter Daisy:)


Strando Las Pañitas her me skal tilbringa dei neste vekene


Ongane til Alan og Martin leke i bassenget

Teste tempen, meget bra:)


Marcelo og søte Alana


Marita e gla for å få bu hoss ein så kjekk familie

fredag 5. februar 2010

Ein dag eg aldri kjem til aa gloyma...

Detta blogginnlegget e ikkje lett for meg aa skriva. Eg kjem no til aa fortella om kor dom, naiv og uforsiktig eg har vore ute i den store farlige verden. Etter fleire aar med mykje reising og nesten ingen uhell var det vel min tur til aa kjenna det paa kroppen kor fael denna verden kan vera. Og kor longt folk vil gaa for aa skaffe seg dei materielle tinga me tar for gitt. Eg fortel dette kun for at eg ikkje onske detta for noken andre og haape folk kan lera av mine feil.

Det heile starta paa ein buss, som er av dei litt finare bussane i Nicaragua. Me kom i snakk med ei dama som gav seg ut for aa hetta Carina og som og var paa reisefot. Ho var ogsaa paa veg til Leon der ho studerte medisin. Og som so mongen gongar foer naar me har reist til ein heilt ny stad tar me gjerne imot hjelp og raad. Ho skulle hjelpa oss fram.

Daa me kom fram til Managua skulle ho moeta ei studievenninna som ogsaa skulle ta foelge. Ho ringte til ho og pluteli fekk me da travelt. Carina tok den litle sekken til Marita og smaasprong forann oss. Me tenkte me hadde daarlig tid til neste buss og hadde egentli ikkje anna valg enn aa foelga ette tinga vaare. Ho hoppa inn i ein bil der venninna hennas, Carol, satt og me antok at da va ein kollektiv taxi som e lika vanlig som buss her.

Etter ei lita stund stoppa me for aa fylla bensin og det kom ein mann springande naar me va paa veg til aa koyra og ropte taxi. Han skviste seg inn i baksete der me daa satt 4, med Marita og meg i midten. Carol satt forann med sjaaforen. Sidan me ikkje er kloppara i spansk endo forstaar me ikkje alt dei seier, og fann etterkvart ut at me ikkje var paa veg til ein annan terminal men til Leon med bil, noko me syns var litt rart sidan det tar 1 og ein halv time.

Og etterkvart kom eg paa kor eg hadde sett denna mannen, som kom springande etter taxi, foer. Han var ogsaa paa bussen foer paa dagen og brikkane begynte aa falla paa plass. Eg fortalte da til Marita og me satt aa diskuterte kor domme me hadde vore, og tenkte paa den reiseboko Carina hadde at ho sikkert hadde tatt den fraa andre turistar. Me lo litt nervost over oss sjoelv og haapte me tok feil. Saanne historia har me jo hort for.

Marita begynte aa folga med paa vegen og saag at me kjorte tilbake mot Granada der me kom fra med bussen. Ho fortalte det til meg og peikte paa ei skilt og bad meg ogsaa folga med. Dette registrerte nok sidemannen som for forste gang snudde seg mot oss og heva armen der han holdt ein kniv. I samme oyeblikk snudde Carol seg fraa framsetet og klatra bak og satt seg paa fonget til Marita og dei beordra oss til aa lukka augene. Hjerta banka 10 gonga so fort, oksygenen i bilen minka og temperaturen steig.

Dei ville berre ha pengane vaare sa dei og begynte aa gaa gjennom tinga vaare og saag om me hadde pengebelte paa oss. Eg trudde paa dei og tenkte at no tar dei det dei vil ha og slepp oss ut. Og tenkte at dei kan ta nett ka dei vil saa lenge dei slepp oss av snart! Heller naken i veikanten enn aa fortsetta bilturen.

Men tida gjekk og det vart ikkje noko bedre. Etter kvart som dei fann verdisaker, jubla dei og lo. Krangla litt dei imellom og kjefta og slo om me opna augene eller snakka med kvarandre paa norsk. Marita holdt fast i handa mi og sa, Om du har noko som helst tru paa Gud Anna, er dette tida for aa be! Me bad... Dei kjefta...

Saa hadde dei funne bank korta vaare og alvoret satt inn for fullt. Dei starta med Marita. Ho skulle opne augene og fortella pinkodane til dei forskjellige korta. Dei starta med eit sas eurobonuskort som dei trudde var bankkort og godtok ikkje forklaringa hennar uten at den bestod av eit firasifra tal. Dei slo og skreik. Og Marita provde paa nytt aa forklara at det ikkje fanns pengar paa det kortet, det var eit F L Y K O R T!!! Dei godtok det til slutt og gjekk vidare paa neste.

Me oppgav dei rette pinkodane paa visakorta vaare gang paa gang til dei trudde oss. Men saa fann dei Mastercardet mitt. NEI. Det brukar eg nesten aldri og huskar ikkje koden. Paa detta tidspunktet trur eg me var i ein minibank og det kom ei til dame inn i bilen, med kniv. Ho var naadelaus. Ho holdt kniven til magen min og trua med aa drepa meg om eg ikkje sa koden. Etter aa ha holdt meg i skinnet i lang tid trilla dei forste taarene nedover kinnet mitt og eg fekk hulka fram ein gong te at eg virkelig ikkje huska, men at eg hadde skrevet den ned paa dataen. Marita saag kniven mot magen min og skubba den vekk og ropte at eg ikkje huska. Endelig naadde me gjennom.

Eg fekk gaa inn paa dataen og finna koden. Som no sitt klistra fast i hjernen til ingen nytte. Me kjorte rundt og stoppa fleire plassar for aa ta ut pengar. Dei satt og talte pengar og jubla. Skrudde musikken paa fullt og song for full kraakehals. Ekkle folk.

For n-te gong spurte me kor longt da va igjen, og som alltid svarte dei berre 10 min... Men etter langt om lenge og lenger enn langt, stoppa bilen og me horte bagasjerommet gjekk opp og dei store sekkane blei tatt ut. Og ENDELIG, etter ein og ein halv time, skubba dei oss og ut av bilen med ein 20 dollar seddel i handa, og kjorte vidare. Instruksonane me fekk var, ikkje sjaa etter oss, ta taxi til Leon.

Etter bilen var kjort trilla taarene for fullt i ein etterlengta klem. Fulle i anger og sinne mot oss sjolv. Me saag hverken hus, bilar eller folk. Berre ein liten landeveg, fjell og mark. Me starta aa gaa den vegen me kom og motte paa ein mann paa hest. Han peikte oss i rett retning og sa det var langt. Men me hadde ikkje anna valg enn aa ta beino fatt. Sekkane var jo ein del kilo lettare, det hadde tjuvane soerga for, og eg va ein sekk fattigare. Og mette var dei nok og etter aa ha tatt mat og vatn fraa oss. Saa ingen grunn te bekymring, dei hadde da nok ganske bra etter dagens fangst.

Og saa gjekk me der aaleina. Uten aa veta kor me va eller kor me skulle. Hestane for stille forbi. Men endelig kom da ein lastebil koyrande og haapet steig. Me hadde kje anna valg enn aa stola paa dei me motte. Det einaste dei no kunne ta, var oss. Som forsovidt hadde vore endo verre, men folk var snille og hjelpsomme. Akkurat saann me hadde faat inntrykk av dei forste dagane i Nicaragua. No fekk me oppleva landet paa sitt besta og.

Me fekk skyss til hovudvegen, tilbod om pengar, laana telefon, henta av politi osv. Resten av dagen gjekk til aa koyra rundt med politiet og finna alle plassane me hadde vore og aa avlegga forklaring mange ganger. Dei jobba paa spreng for aa faa fatt paa gjerningsfolko. Eg fekk laana telefonen til ei dama og ringa heim for aa sperra kort, sjoelv om da sikkert va for seint. Men da va godt aa horra stemmene te mammo og papen, sjoelv om da kanskje ikkje va so forstaeligt for dei aa hoyra kva eg sa.

Og med god hjelp heimante ringte dei fraa alle kantar til politistasjonen og sku snakka med oss. Etter ambassaden hadde slitt lenge med aa finne ut kva politistasjon me var paa. Me blei henta og kjort heilt heim til vertsfamilien vaar i Leon av kulturstudier, der me no skal bu i 3 mnd. Etter aa ha faatt det bekrefta fraa 4 forskjellige hold torte me aa setta oss inn i bilen, men fortsatt litt skeptisk.

Til tross for ein svaert ubehagelig opplevelse har me blitt fortald at me var heldige. Paa politistasjonen stod taxiane paa rekka og rad som hadde gjort det samma som da me hadde blitt utsatt for. Baade med turistar og nicaraguanske. Men som regel er dei kun ute ette pengar og verdiar.

Baade Marita og eg har reist mykje, vert veldig forsiktige og aldri vert borti noko liknande. Kanskje akkurat derfor var me slappe og uforsiktige. Dette er ikkje ein historie me er stolte av, men fortel den vidare for at andre kan lera av vaares dumme valg. Eg sitt igjen med mykje anger, daarlig samvittighet ovenfor alle som har blitt involvert, ein daarlig opplevelse og ein viktig erfaring. Me motte 5 faele folk, men so mongen fleire kjekke folk etterpaa.

Me har da bra og har flytta inn hoss ein veldig kjekk nicaraguansk familie i Leon:)