laurdag 20. mars 2010

Livet i León

Me bur i ein by som hette León. Her bur da ca 80 000 folk av forskjellige varianta. Me har møtt på litt forskjellig!

Byen e ikkje so veldig stor, med gamle hus i kolonialstil og brostein i gatene. Veldig mongen som syklar, me ser hest og kjerre kvar dag, mopedar og ein del lada’er. Men eg og Marita tar som regel beino fatt. Og Marita lurte ein dag på koffor eg alltid gjekk uti vegen og ikkje på fortauet. Jo, for her er det ikkje noko felles fortau, kvar og ein har ansvar for sitt eige uteområde, så fortaua er i forskjellige størrelsar, høgder, bredder og lengder noko som gjer gåing på fortauet/byggverket svært avansert og ein må vera ganske oppmerksom, ikkje minst for alle hålo bortøve som eg aldri har skjønt ka e te, utenom at dei fleste hiv boss der. Men egentli ein ganske kosleg by, hadde eg berre ikkje vore kvit. Det er altså folket som øydelegg sjarmen av denna plassen. Ein del blanda meiningar blant folket om oss kvite, eller ”chelas” som dei roper til oss heile tida. Nokre er hyggelige fordi dei ser muligheten i turisme, nokre misunnlige og andre rett og slett hatar oss. Eg veit eg kan høyrast litt pessimistisk ut, men det er heilt sant, me blir behandla ganske dårlig av og til og sett på som kvite objekt. Kan fortella meir om det ein an gong, eller les på Marita sin blogg.


Me bur ca 2 mil frå strando der delar av skulen vår er. Så me tar buss ut der nesten kvar dag. Og for dei som fekk da med seg var me i faresonen for tsunamien som kunne slå ut etter jordskjelvet i Chile. Stor evakuering, men det vart heldigvis berre med varselen.


I León er det mykje historie og gamle bygningar. Me har også vore ein tur til Leon viejo, som er der byen var før alle måtte flykta frå vulkanutbrudd. For Nicaragua er eit vulkanland og me ser vulkanar øvealt.


Men for meir info og kjekkare lesing, vil eg anbefala bloggen te Marita, maritabjerga.blogspot.com


Me har det bra, men veeldig travelt på skulen der me ikkje lerer å snakke spansk (for ka ska me med da liksom?), men å forklare kopulativ eller predikativ bruk av eit verb, om subjektet samsvarer med atributet, om det er predikativ nominal eller verbal og forklaringar på kvifor det er slik og ikkje slik osv osv. ALTSÅ veeldig nyttig! Og ikkje minst heilt forykande kjekt.


Ellers kan eg gledelig fortella at eg reiser til Brasil i påsken og møte mamma, pappa og EirikJ Og at eg har bestilt reisa heim, so eg lande på stokken fredag kveld 30 aprilJ



León


Katedralen



León har monge kyrkjer som er bundne saman med underjordiske tunellar.

Historisk plass med eit maleri som fortel mykje av den interessante historien til Nicaragua.

Mykje politikk overalt... Ikkje so bra at universitetet i León no vart knytta til det politiske partiet som styrer landet. Det har nettopp vore gjenvalg av rektor sidan den forrige rektoren (mannen til Doña Sandra som me bur hoss) døydde i fjor.

Teateret i León

Vulkantur - Cerro negro

Så var det tid for klassetur til ein av dei mange vulkanane som ligg rundt León. Kjekt å komma seg litt vekk frå León og ut på tur! :)






Marita + meg = super team :)


Rigo som er feltsjef her, han er sonen til Doña Sandra og er lege, men jobbar som tur guide:)

Bratt!!!


Så var det berre å springa ned att :)