Ny bussdag og klar for å innta landet me ska bu i dei neste 3-4 månadane. Men på første buss mot grenso, fann eg som vanleg fram lonely planet for å lesa meg opp på neste destinasjon. Ruta me hadde planlagt viste seg å vera svært vanskelig å gjennomføra, der ferjo øve grenso berre går to gongar i veka, veien vidare den verste i heile nicaragua som ikkje var mogleg å kjøra om det regna, båt ut til øya me skulle som berre gjekk ein gong i veka og advarslar om at destinasjonen vår var svært farleg og stasjon for narkosmugling frå colombia… Ja, hmm… Ka gjer me no?... ”Mmmarita, trur egentli me sitte på buss i feil retning…” Og litt motvillige te å ta samme buss 1 og ein halv time tilbake igjen for så å finna veien mellom forskjellige felllandsbyar, tok me oss heller ned til San Jose (hovudstaden) i to og ein halv time for å så finna ein direktebuss te grenso. Og flaks som me har vert veldig heldige med på denna turen, så gjekk bussen vidare 5 min ette ankomst frå ein an terminal som tifeldigvis låg rett øve vegen. Den eine av dei to daglege avgongane til denna grenso. For her har dei kje ein hovudterminal nei, men 4… Ein for kvar del av landet, sør, aust, nord, sør… Og selfølgelig masse små for egne spesielle plassar.
Etter 5-6 timar når solo va gått ned nådde me grenso. Ette å ha hørt fleire skrekkhistoriar om ka som kan skje når me ferdast rondt i mørket, to kvite turistar med sekkar på ryggen og hålete spansk, va me ikkje heilt høge i hatten der me gjekk ein kilometer etter me hadde stempla oss ut av Costa Rica og før me fekk stempla oss inn i Nicaragua. Marita med pepperspray i håndo og eg med voldsalarmen klar, små sprong me øve grenso i mørket me stort håp om å komma fram i live. Litt bekymra øve at ingen hadde peiling på kor me va siden reiseruto blei forandra ein god del på veien. Og bedre blei da ikkje når me måtte ta ein litt luguber taxi vidare for å komma oss te sivilisasjonen 4 mil inn i landet på ein mørk øde veg. Jaja, gjekk no bra denna gongen og. Og klare for å utforska Nicaragua:)
Asunción, Paraguay
for 6 måneder siden