laurdag 30. januar 2010

Costa Rica – Puerto Viejo

Etter ein kjempefin tur i Panama, va da tid for å komma seg vidare nord og innta Costa Rica. Me tok buss te grenso og gjekk øve ei elv som skille dei to lando. Vel framme i Puerto Viejo som ligg på den karibiske kysten av Costa Rica, fann me fram te eit stort backpacker hostell der me kunne bu i hengekøye ute. Utrulig stilig og billig plass å bu, med masse kjekke folk som e på reisefot. Veldig kjekt å høyra på masse forskjellige reisehistoriar og kor folk ska og kor folk har vore. Masse goe tips og mongen plassa me vil sjå. Men siden da ikkje e lenge igjen te skulestart kan me ikkje sjå alt me vil.

Me blei kjendt me eit par jente fra Nederland og Tyskland som me leigde sykla sammen med og for på dagstur te ein an liten kystby. Sykla på ein hompete liten vei mellom jungelaktig skog og apekattar so skreik og hoppa i treno rondt oss. Leigde snorkleutstyr og svømte rundt øve korallrev og karibiske fiska. Va innom ein kakaofarm og lerte at kakao faktisk kjeme frå ei frukt… Og fekk smaka heimalaga banan og sjokolade pannekaka der alt va bakt inni røro og ikkje som pålegg. Fin liten laidback strandlandsby med sjarm. Men merke at prisane i Costa Rica e høgare enn i Panama, sjøl om me har hatt vår billigaste natt te no i hengekøy te 5 dollar. No gjelle da berre å finna ut kor me ska vidare…
Pura Vida!















Her sov me to nette


Sykkeltur på noken kule sykla uten gir. Umulig å ikkje få dillo på brelett songen:p




Lea frå Tyskland
















Skamgo pannekaka











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar